Turneringsleiing

Hovudkomité:

Odd Hagen – turneringsleiar

Per Øyvind Storevik – koordinator for turneringa

Anders Skreien / Geir Vindheim – kamp- / resultatansvarleg

Margunn Vallestad – sekretariatansvarleg

Geir Vindheim – dommeransvarleg

Anne Seljeset – innkvarteringsansvarleg

Anita Solsvik Skilbrei og Svein P. Rundereim – matansvarleg

Kampoppsett:

Geir Vindheim

 

Førdecupsekretatiatet er lokalisert til Førdehuset

Opningstider:

Fredag     17.00 – 22.30

Laurdag   08.00 – 20.00

Sundag    08.00 – 17.00

Hovudjury: Kommer 2 personer til en fra Hordaland og en fra Møre

Per Øyvind Storevik          –   Førde IL                           (Sogn og Fjordane)

Turnerings- og kampreglement: 

Førde Cup vert avvikla etter NFF sitt spelereglement for fotball på små baner.

 

Klasseinndeling:

Småjenter (SMJ)           f. 2005– 2006

Smågutar (SMG)           f. 2005 – 2006

Jenter (J)                         f. 2003 – 2004

Gutar (G)                        f. 2003 – 2004

Junior damer (JD)         f. 2000 – 2002

Junior gerrar (JH)          f. 2000 – 2002

Spelesystem:

5 spelarar på bana samstundes. (Keeper + 4 utespelarar)

Ein spelar kan berre brukast på eitt lag i same klasse.

Speletid 13 minutt

Ved lik poengsum i seriespel blir rekkjefølgja avgjort slik:

  1. Målskilnad
  2. Tal scora mål
  3. Resultat i innbyrdes oppgjer
  4. Myntkast
    I cupspel nyttar ein følgande løysningar ved uavgjort resultat:
  • 1 x 3 min. ekstraomgangar der første mål vinn
  • Straffesparkkonkurranse i alle klassar *
  • Straffespark skal takast frå 7 meter
  • 3 straffer. Deretter 1 og 1

Andre reglar:

For å avgjere rekkjefølgja mellom laga i klassar med ulikt tal lag i puljane, blir resultatet mot dårlegaste laget teke vekk i dei -puljane som har flest lag.

Innspark.

Raudt kort:Utøvar må står over neste kamp.

Kampavvikling, protestar, frammøte m.m.

Protestar:

Eventuelle protestar skal leverast skriftleg i sekreteriatet seinast 30 min. etter kampslutt. Protesten skal vere underteikna av den person som er oppført som klubben sin kontaktperson under turneringa. Juryen si avgjerd kan ikkje på-klagast. Protestgebyr er sett til kr. 250,- og skal innbetalast ved innlevering av protesten. Blir protesten teken til følgje vil laget få refundert protestgebyret.

Frammøte:

Alle lag pliktar å stille ferdig skifta ved kampbana seinast 5 min. før kampstart. Lag som ikkje møter til kampstart tapar kampen og resultatet vert sett til 3–0. Er eit lag lovleg forseinka til kampstart, skal sekreteriatet orienterast om dette snarast råd. Dersom lag kjem seinare enn 3 min. etter oppsett kampstart, vinner motstandaren på WO. Etter kampslutt oppmodar vi laga til å forlate kampbana. Det er ønskjeleg at ein utanom kampane nyttar tribuneanlegget.

Kampavvikling:

Kampane vert spelt på tre baner samstundes. Kampane startar og stoppar etter -signal frå dommar/speaker. På bana har sekreteriatet ein person som held -kontakt med dommar og kampsekretariatet. (Lagleiarane kan gjere seg nytte av denne -personen om det er trong for det.)

Drakteretc:

Det lag som står oppført som heimelag i kampane tek avspark og stiller på den banehalvdel der tidklokka er. Har to lag like drakter, skal bortelaget skifte -drakter, eventuelt nytte tilviste vestar. Bortelaget er ansvarleg for å undersøke om like -drakter vert nytta.