Spelesystem:

5 spelarar på bana samstundes. (Keeper + 4 utespelarar)
Ein spelar kan berre brukast på eitt lag i same klasse.
NB! Speletid 13 minutt

Ved lik poengsum i seriespel blir rekkjefølgja avgjort slik:

  1. Målskilnad
  2. Tal scora mål
  3. Resultat i innbyrdes oppgjer
  4. Myntkast
    I cupspel nyttar ein følgande løysningar ved uavgjort resultat:
  • Straffesparkkonkurranse i alle klassar *
  • Straffespark skal takast frå 7 meter
  • 3 straffer. Deretter 1 og 1

Andre reglar:
For å avgjere rekkjefølgja mellom laga i klassar med ulikt tal lag i puljane, blir resultatet mot dårlegaste laget teke vekk i dei -puljane som har flest lag.

Kampavvikling, protestar, frammøte m.m.

Protestar:
Eventuelle protestar skal leverast skriftleg i sekreteriatet seinast 30 min. etter kampslutt. Protesten skal vere underteikna av den person som er oppført som klubben sin kontaktperson under turneringa. Juryen si avgjerd kan ikkje på-klagast. Protestgebyr er sett til kr. 250,- og skal innbetalast ved innlevering av protesten. Blir protesten teken til følgje vil laget få refundert protestgebyret.

Frammøte:
Alle lag pliktar å stille ferdig skifta ved kampbana seinast 5 min. før kampstart. Lag som ikkje møter til kampstart tapar kampen og resultatet vert sett til 3–0. Er eit lag lovleg forseinka til kampstart, skal sekreteriatet orienterast om dette snarast råd. Dersom lag kjem seinare enn 3 min. etter oppsett kampstart, vinner motstandaren på WO. Etter kampslutt oppmodar vi laga til å forlate kampbana. Det er ønskjeleg at ein utanom kampane nyttar tribuneanlegget.

Kampavvikling:
Kampane vert spelt på tre baner samstundes. Kampane startar og stoppar etter -signal frå dommar/speaker. På bana har sekreteriatet ein person som held -kontakt med dommar og kampsekretariatet. (Lagleiarane kan gjere seg nytte av denne -personen om det er trong for det.)

Drakter etc:
Det lag som står oppført som heimelag i kampane tek avspark og stiller på den banehalvdel der tidklokka er. Har to lag like drakter, skal bortelaget skifte -drakter, eventuelt nytte tilviste vestar. Bortelaget er ansvarleg for å undersøke om like -drakter vert nytta.

Spelereglar Førde cup:

Keeper:
Keeper MÅ kaste ballen ut når ballen har vore bak mål. Keeper kan IKKJE kaste/sparke ballen over midten når den har vore bak mål. Når keeper redder kan keeper kaste/sparke over midten (kan dog ikkje kaste i mål).

«Fire sekundsregel»:
Keeper kan ha ballen i hendene i maks 4 sekund. Ingen regel når keeper har ball i beina.
Fire sekund på å setje ballen i spel ved innspark, corner, frispark etc.
Brudd på regelen fører til indirekte frispark til motstandarlaget.

Gule kort:
Ingen soning ved gult kort. Spelar tek heller ikkje med seg gule kort vidare i turneringa.

Rødt kort:
Spelar MÅ minimum stå over neste kamp. Gjeld også ved to gule kort i same kamp. Ved alvorlege brot på spelereglane kan juryen på bakgrunn av dommar(ane) si forklaring i legge spelar fleire kampars karantene. Trenar/Lagleiar vert i så fall informert om dette. Laget med utvist spelar kan setje inn ny spelar når det er gått 3 min, eller dersom laget med fleire spelarar scorar. NB! Dersom eit lag kjem under 3 spelarar på bana, vert kampen avslutta.

Ball i tak:
Innspark til det laget som ikkje var borti ballen .

Sklitakling:
Skiltakling er forbode, og bestraffast med frispark og minimum gult kort. Dommar sitt skjønn som avgjer om det er ei sklitakling eller blokkering.