Spelereglement

NFF sitt spelereglement vert nytta, med nokon tilpassingar for FørdeCup.

SPELERGLAR 7-AR FOTBALL

– Alle indirekte frispark vert erstatta av direkte frispark

– Det er ikkje lov for målvakta å kaste/sparke ballen over midten, når ballen har vore over dødlinja. Dersom dette skjer skal det blåsast for frispark til motstandarlaget, på midtstreken.
Ved redning kan målvakta kaste eller spele ballen over midten.

Pressfri sone blir praktisert i klassane 10-12 år. Pressfri sone vil bli merka med stripla linje på tvers av banene.

Dersom eit lag i klassane 10-12 år leiar med 4 mål har motstandarlaget høve til å sette inn ein ekstra spelar.

Kampreglement utover spelereglane

AVVIKLING AV SPEL I KLASSANE 13 til 14 år

Rangering etter gruppespel

Etter innleiande spel vert laga i dei ulike gruppene rangert etter:
1. Poeng
2. Målforskjell. Ved lik målforskjell gjeld flest skora mål.
3. Innbyrdes oppgjer
4. Loddtrekning

Sluttspel

Sluttspelet vert arrangert etter cup-system. Dersom det vert uavgjort resultat vert laga rangert etter straffespark.

SPELARAR, PROTESTAR OG JURY

Kven kan delta?

Ein spelar kan delta for klubben sin etter NFF sitt reglement og aldersbestemmingar. Det kan nyttast eit uavgrensa tal på spelarar pr. lag i turneringa, men ein kan maksimalt nytte 16 spelarar pr. kamp. Ein spelar kan berre spele for eitt lag under turneringa.

Protestar

Dersom ein ynskjer å protestere, skal protest leverast skriftleg av lagleiar sinast 30 minuttar etter at kampen er ferdigspelt. Avgjerda til juryen kan ikkje ankast.

Grunnlag for protest

(1) Protester kan kun fremmes på følgende grunnlag:

a)at et lag har benyttet spiller som ikke var spilleberettiget,

b)feil fra arrangøren av kampen,

c)grove feil ved dommerens forståelse av regelverket, men ikke feil i dommerens skjønnsutøvelse,

d)at kampen ble spilt med en ikke-nøytral eller uautorisert dommer etter bestemmelsene i kampreglementet § 13-5 (4) og (5), og breddereglementet § 9-5 (4) og (5)

e)andre vesentlige forhold som har ledet til at kampen ikke ble avviklet på sportslige vilkår.

(2) Protester kan gjelde både forhold oppstått før og under kampen.